Trygt og godt skulemiljø
Vi har mange ulike utdanningsprogram, både yrkesfag og studiespesialisering, noko som gjer at du vil oppleve eit fargerikt og spennande miljø! Læring og vekst for alle er vårt motto, og dette skal du oppleve i alle våre klasserom og verkstader. På skulen vår er vi opptekne av at du skal ha det kjekt sosialt, og oppleve å vere inkludert. Gjennom heile skuleåret jobbar blant andre miljøteamet vårt med å finne på kjekke sosiale aktivitetar for elevane våre.Ut i verda!
"Kunnskapsutveksling med menneske i alle aldrar og frå ulike stader i verda gir elevane perspektiv på eiga læring, danning og eigen identitet og viser verdien av samarbeid på tvers av språklege, politiske og kulturelle grenser." (overordna del av læreplan)Vg2 studiespesialisering i Wales
Kvar år sender vi elevar frå heile fylket til Cardiff i Wales for å ta vg2 studiespesialisering. Tar du utfordringa?Aktuelle saker
05.01.2024
Informasjon om Ung-data undersøkinga
I veke 4-7 gjennomfører vi Ung-data undersøkinga blant våre elevar, i lag med dei andre vidaregåande skulane i Vestland.
05.01.2024
Om inkludering i russetida
Emma delte sin historie om ekskludering i russetida med elevar og føresette