Vi tilbyr tilrettelagt opplæring for elevar som har behov for det. Opplæringa er knytt opp mot eit utdanningsprogram og tar utgangspunkt i dei faga, eller delar av faga, som eleven kan meistre. Eleven får eit kompetansebevis som viser kva mål i læreplanen som er gjennomført.
Vi tilbyr tilrettelagt opplæring for elevar som har behov for det. Opplæringa er knytt opp mot eit utdanningsprogram og tar utgangspunkt i dei faga, eller delar av faga, som eleven kan meistre. Eleven får eit kompetansebevis som viser kva mål i læreplanen som er gjennomført.
Vi har ulike avdelingar for å imøtekomme elevane på ein best mogeleg måte ut ifrå deira forutsetningar, behov og opplæringsmål.
Avdelingane samarbeider tett rundt elevane for å optimalisere undervisningstilbodet hjå den einskilde elev. Opplæringa er tilrettelagt for den einskilde elev med tilknyting til klasser og elevane får individuell opplæringsplan (IOP). Avdelingane våre er kvardagslivstrening og arbeidslivstrening.
Kvardagslivstrening
Opplæringa skal leggje til rette for at elevane skal bli sjølvstendig ut ifrå deira eigne forutsetningar. Målet er at elevane skal få betre kompetanse til å meistre ein framtidig tilrettelagt arbeids-, bu- og fritidssituasjon. Skulen har også fokus på å oppretthalde og utvikle elevanes handlingsmoglegheiter.
Målgruppa er elevar som har trong for eit varig tilrettelagt omsorgstilbod. Ein vektlegg bruk av alternativ og supplerande kommunikasjon i undervisninga. Vi tilbyr kvardagslivtrening innan utdanningsprogrammet helse- og oppvekstfag. Skulen tar i bruk ulike læringsarenaer som kjøkken, kantine, ved-verkstad og nærområdet for å skape deltaking som bidrag til livslang læring.
Arbeidslivstrening
Opplæring for elevar som treng god struktur og tilrettelegging i opplæringssituasjonen. Undervisninga skjer i grupper på 4-6 elevar, og skal førebu elevane til arbeidslivet gjennom praktisk arbeid og teoretisk opplæring. Målet med opplæringa er at elevane skal kunne meistre varig tilrettelagt arbeid i ei ordinær bedrift eller ei vekstbedrift.
Vi tilbyr arbeidslivstrening innan utdanningsprogrammet bygg- og anleggsteknikk og helse- og oppvekstfag. Opplæringa er praktisk retta og skulen tar i bruk ulike læringsarenaer som kjøkken, kantinen, byggverkstad og nærområdet for å skape deltaking som bidrag til livslang læring.