Dersom du er over 19 år og ikkje har fullført vidaregåande utdanning før, har du rett til vaksenopplæring og kan få tilbod om gratis opplæring. Andre kan også søkje og kan få tilbod om opplæring dersom det er ledige plassar.
Vestland fylke gir tilbod om gratis vidaregåande opplæring for vaksne over 25 år. Utdanninga kan føre fram til fagbrev, yrkes- eller studiekompetanse. Du kan også få realkompetansevurdering og studierettleiing hos oss. Alle tenester er gratis for deg med vaksenrett.
På Knarvik tilbyr vi:
Helse- og oppvekstfag er ein yrkesfagleg utdanning.
Utdanninga kan føre fram til fagbrev eller yrkeskompetanse, avhengig av kva fag du vel.
Utdanninga er på deltid og tilrettelagt for vaksne som ønsker å kombinere jobb og utdanning.
På Knarvik vgs tilbyr vi skuleåret 24/25:
- Helse og oppvekstfag Vg1
- Helsearbeidarfag Vg2
- Helsearbeidarfag Vg3 modulbasert
Etter vedtak i fylkestinget vert tilbodet for VO for 2025-26 slik:
Skulenamn |
Nivå |
Opplæringstilbod |
Utd.program |
Ant.klassar |
Maks per klasse |
Type opplæring |
Knarvik vgs |
Vg1,2 og 3 |
Helse og oppvekst - retning helsefagarbeidar |
HO |
1 - 2 gr |
15 |
Modulstrukturert opplæring |
Knarvik vgs |
Vg1 |
Helse og oppvekst - retning barne og ungdomsarbeidar |
HO |
1 |
15 |
|
Knarvik vgs |
Vg2 |
Helse og oppvekst - retning barne og ungdomsarbeidar |
HO |
1 |
15 |
|
Meir om helse og oppvekstfag
Søknad og inntak til vaksenopplæring
Informasjon om gratis vidaregåande utdanning